Avfallsfri framtid er realistisk med digital samhandling.

Over 20 deltakarar var samla hos Skanska i Oslo onsdag for å diskutere digital samhandling. Dagens tema var avfallsfri byggeplass. Kva er rett ambisjonsnivå og kva må til? To glimrande innlegg vart servert av Randi Lekanger (Skanska) og John R. Moen (NKF). Diskusjonen var både engasjert og spennande. Fleire viktige premissar vart erkjent: Premissane (regelverket) må vere tydeleg og samstemt, entreprenørar og produsentar må samarbeide om løysingar, produktdokumentasjonen er avgjerande for redusert avfallsmengde, industrialisering må utnyttast (men ikkje til å flytte problemet), innovasjon må til – og det trengs meir FoU.

 Kort og godt: Avfallsfri framtid er mogleg om vi faktisk endrar tenkjemåte og handlemønster. Vi er heilt avhengig av betre samhandling, og digitale arbeidsmåtar og hjelpemidlar vil vere ein nøkkel til denne utviklinga. CoP Digital samhandling vil følgje opp desse diskusjonane i seinare samlingar.

Professor Ole Jonny Klakegg leder CoP for Digital Samhandling.