Optimaltid-prosjektet har hausten 2022 fokusert på kompetansehevingstiltak hos partnerane. Fagdagar som vekslar mellom presentasjonar frå forskarane og diskusjonar mellom tilsette hos partnerane har gjeve nyttige erfaringsutvekslingar. Det har skapt brei involvering med fokus på temaet tidleg entreprenørinvolvering.

Optimaltid-prosjektet skal utvikle kunnskap om korleis og kor tid ein kan involvere entreprenøren i prosjekta for å skape meirverdi. I tillegg skal vi dokumentere effekten av tidleg entreprenørinvolvering. Prosjektet har no forska i to år og har masse å formidle til fagmiljøa i partnerbedriftene.

I Bodø presenterte doktorkandidatane Nadina Memic og Tausif Ishtiaque sine foreløpige funn. I tillegg var det innleiingar frå prosjektleiar Ole Jonny Klakegg og innlegg frå forskarane Atle Engebø og Lars Arne Bø. Også representantar frå Bodø kommune sjølv heldt innlegg – Sissel Olga Pettersen og Øyvind Oskarsen presenterte sine erfaringar om bruk av kontraheringsprosess og tildelingskriterier i samspelprosjekt. Hovudsaka i slike fagdagar er likevel gruppediskusjonar og meiningsutvekslingar. Vi hadde tre slike i løpet av dagen.

Samspelprosjekt og tidleg entreprenørinvolvering er framleis relativt nytt i kommunane. Konklusjonen etter denne fagdagen er at potensialet for å ha nytte av samspel og tidleg involvering i kommunesektoren er stort. Det er visse vilkår og grenser innafor offentleg sektor og kommunane si verksemd som må handterast nøye og skikkeleg for å utnytte verkemidlane på effektiv måte. Det er ikkje altfor store restriksjonar, så når dei første pilotprosjekta er gjennomført og rutinane er på plass så vil dette vere ein stor ressurs for kommunane.

Optimaltid-prosjektet og Prosjekt Norge vil fortsette å jobbe med kommunane i åra framover for å styrke kunnskapsgrunnlaget for meir verdiskaping og nytte for pengane i denne sektoren.

Artikkelforfatter: Ole Jonny Klakegg