Frå venstre mot høgre: Egil Skavang, Trond Bølviken, Anita Moum og Lars Kristian Hoberg. (foto: Ole Jonny Klakegg)

Bildet viser Egil Skavang. (foto: Ole Jonny Klakegg)

23 november, 2017

Tysdag 21. november var det møte i styringsgruppa for BAE-programmet, tett etterfulgt av partnermøte («generalforsamling») med val av nye medlemmer i styringsgruppa. Trond Bølviken, Veidekke, har leia styringsgruppa i BAE-programmet sidan starten i 2014 og valde no å tre ut av styret. Trond har hatt ei stø hand på rattet og har gjort BAE-programmet til ein stor suksess i dei fire første åra sidan det vart etablert. Den viktigaste saka i denne perioden, ut over det å få programmet opp å stå og gjennomføre dei første FoU-prosjekta, har vore utvikling av strategien for programmet. Dette arbeidet toppa seg sommaren 2017 med møter med Kunnskapsministeren og ei rekkje innspel frå BAE-næringa til oppdateringa av Strategien for forsking og høgre utdanning. Programmet er no vel etablert og i godt gjenge.

Egil Skavang, Arkitektbedriftene i Norge, overtek roret og skal føre skuta vidare inn i ei ny spennande fase. Sett frå BAE-programmet sin ståstad er utviklinga i strategien for Prosjekt Norge som vart nyutvikla i 2017 eit stort steg i rett retning. No skal det bli fart på læringa på tvers av ulike næringar – og BAE-programmet står klar til å delta aktivt i dette. Egil Skavang tok over som leiar av styringsgruppa i partnermøtet og ser fram til det første styringsgruppemøtet på nyåret med fleire nye medlemmer.

I partnermøtet tok BAE-programmet også avskjed med to av kontinuitetsbærarane frå den første fasen av programmet. Anita Moum, Sintef Byggforsk, takka av etter å først å ha vore heilt sentral i arbeidet med å etablere programmet alt før det vart ein realitet. Anita var også programleiar dei første to åra og har vore med i styringsgruppa dei siste to åra. Lars Kristian Hoberg har representert Statsbygg i alleFrå venstre mot høgre: Egil Skavang, Trond Bølviken, Anita Moum og Lars Kristian Hoberg. dei fire åra programmet har eksistert. Han har delt av si breie erfaring og innsikt frå både olje og gass, bygg og anlegg, ikkje minst store komplekse prosjekt.

BAE-programmet er takksam for innsatsen til Trond, Anita og Lars. Vi ser også fram til å bli kjent med dei nye medlemmene i styringsgruppa som kjem til neste år. Utskiftingane er resultat av bevisst balanse mellom kontinuitet og fornying. Egil vil stå som garantist for kombinasjonen kontinuitet og framoverlent haldning i tida framover.