
🟢 Realistiske kostnadsestimat i tidlegfasen er både nyttige og naudsynte i samband med konseptvalet. Likevel viser forsking både frå Concept og internasjonale kjelder at dei tidlegaste estimata er ofte urealistiske.
🟢 Kostnadsestimering i tidlegfasen er ei vanskeleg øving vi treng meir kunnskap om. Ein større Concept-studie frå 2023 peika på at det finst estimeringsutfordringar på fleire nivå.
🟢 Basert på dette publiserte Concept to temahefter, Nr 26 og 27, tidlegare i år, som prøver å gi svar på desse utfordringane.
Med Ole Jonny Klakegg og Anne Strand Aflredsen Larsen.
Anne Alfredsen Larsen er sivilingeniør innan biofysikk og medisinsk teknologi frå NTNU (2000), og har ein doktorgrad innan prosjektleiing (2022), som omhandla tidlegfaseplanlegging av sjukehusprosjekt.
Anne har jobba innan helsesektoren sidan 2000, først som fysikar ved St. Olavs hospital, og deretter som prosjektmedarbeidar for ny kreftavdeling ved Ålesund sjukehus, og seinare som seksjonsleiar for medisinsk fysikk ved same avdeling i ti år, før ho vart strategirådgivar i Helse Møre og Romsdal.
No er Anne er tilsett som forskar i forskingsprogrammet Concept ved Institutt for bygg- og miljøteknikk ved NTNU, og som forskar og rådgivar i Helse Møre og Romsdal HF.
Ole Jonny Klakegg er sivilingeniør, ph.d., har meir enn 30 års erfaring frå forsking, undervisning og konsulentverksemd innan prosjektleiing.
Han er professor i byggeprosess ved Institutt for bygg- og miljøteknikk ved NTNU i Trondheim. Doktorgraden som han forsvarte i 2010 handlar om prosjekteigarstyring.
For tida er nye gjennomføringsmodellar og verdioptimalisering prioriterte forskingsområde. Kvalitetssikring av store offentlege prosjekt og usikkerheitsstyring var mest framståande arbeidsområde tidlegare. Han har publisert ei rekkje vitskaplege artiklar, rapportar og bokkapittel i Norge og internasjonalt.