Det gleder oss å ønske Forsvarsbygg velkommen som ny partner i Prosjekt Norge og vi ser frem til et godt samarbeid.

Forsvarsbygg fikk vist seg frem som utstiller på Prosjekt Norges julbileumskonferanse den 6. november.

 

Forsvarsbygg sine oppgaver (sakset fra forsvarsbygg.no):

  • Det viktigaste arbeidet Forsvaret gjer, er å forsvare landet vårt. Oppgåva vår er å syte for at Forsvaret har effektive og fleksible fasilitetar for å øve, lære og bu, og kostnadseffektive løysingar som gjer at vi frigjer ressursar til å styrkje kjerneverksemda i Forsvaret. På den måten bidreg vi til å byggje forsvarsevne, kvar einaste dag.
  • Rådgjeving om sikring av bygg, kulturminnevern og avhending er også viktige bidrag til å frigjere midlar for å styrkje Forsvaret si operative evne. Ringverknadene av våre aktivitetar treffer innbyggjarar i heile Noreg, både i og utanfor Forsvaret.
  • Forvaltingsmodellen i forsvarssektoren er vedteken ac Stortinget, og synleggjer kostnadene for eigedom, bygg og anlegg (EBA). Det er Forsvarsdepartementet som eig eigedomane i forsvarssektoren, og avgjer korleis desse skal brukast og utviklast. Forsvarsbygg har ansvaret for å utvikle, byggje, vedlikehalde og drifte EBA som forsvarssektoren betaler leige for. Forsvaret er leigetakar og brukar, og prioriterer ut frå sine behov og stiller krav.

VI PLANLEGG, BYGGJER OG DRIFTAR

  • Vår jobb er å ivareta eigedom, bygg og anlegg i forsvarssektoren. Vi syter for alle oppgåver innanfor utvikling, bygging, utleige, drift og vedlikehald. Vi trenar og øver med Forsvaret, slik at vi også har beredskap for å levere i krise og krig.

VI VERNAR OG SIKRAR BYGG OG ANLEGG

  • Nasjonalt kompetansesenter for sikring av bygg (NKSB) er forsvarssektorens og statens rådgjevar for vern og sikring av eiendom mot eksplosjonsulykker, terrorhandlingar, spionasje, sabotasje og annan kriminalitet. NKSB er landets fremste miljø for å utvikle kunnskap og løysningar som bidreg til et tryggare Noreg.

VI TEK VARE PÅ MILJØET

  • Vi har eit spesielt ansvar for miljøutfordringane i forsvarssektoren. Vi har den fremste kompetansen i landet på miljøutfordringar innanfor ureining og støy ved påverknad frå militær aktivitet og øvingar. Stadig meir spesialiserte krav for sektoren blir ivaretekne og oppfylte.

VI TEK VARE PÅ KULTURMINNE OG SKAPER NYTT LIV PÅ HISTORISK GRUNN

  • Både verna og ikkje-verna bygningsmasse utgjer ein viktig samfunnsressurs med mykje potensial. Vår kulturminnefaglege rådgjeving bidreg til løysingar for å ivareta kulturminneinteresser og sameine verneomsyn med optimal bruksfunksjon. Vi forvaltar og utviklar dei nasjonale festningane, og legg til rette for at dei er tilgjengelige for publikum heile året.

VI AVHENDAR EIGEDOM

  • Militære eigedomar som er tekne ut av teneste blir avhenda av oss. Avhendinga omfattar alt frå sal til miljøopprydding, tilrettelegging for sivil bruk og prosessen fram til nye eigarar tek over. Dette tilfører midlar til forsvarsbudsjettet og fritek forsvarssektoren for framtidig drifts- og oppryddingsansvar.