Hva betyr egentlig 'Governance' når vi snakker om prosjektprosesser, på norsk?

portrettbilde Ole Jonny Klakegg

Det veldig korte svaret kan være ‘Eierstyring’, men er det er egentlig helt dekkende? Mange har meninger om dette. Vi henvendte oss derfor til den stedlige eksperten på temaet, nemlig Ole Jonny Klakegg for å få svaret, en gang for alle. Værsågod, direkte frå forfattaren sjølv:

Omgrepa rundt overordna styring har endra seg over tid og mange ord er brukt for å skildre korleis dette feltet utviklar seg. Dette medfører at det er ein del uklarheit rundt ordbruken. Når ein går attende til opphavet (kybernao – gresk for å styre, være pilot) handla det om aktiviteten å styre. Greske filosofar som Platon var opptatt av dette. Seinare, gjennom framveksten av det organiserte (administrerte) samfunnet vart debatten meir konsentrert om kven som får kontrollere og styre – altså om utøving av makt i samfunnet. 

Posisjonar og rett til å bestemme over andre var temaet – som i statsvitskapen gjerne er assosiert med «government». Altså skildring av strukturar og verkemidlar vi også kjenner som hierarkiet og i internasjonal litteratur «multi-level governance». Desse strukturane, godt kjent frå militær- og byråkratiteori, og offentleg administrasjon lever i beste velgåande.

I moderne tid har kunnskapen om styring blitt utvida med nye dimensjonar. Utviklingstrekk som globalisering og finanskriser gir økt kompleksitet og har synleggjort nye utfordringar internasjonalt, og demokratisering og omsyn til representasjon og medverknad vaks seg sterkt her i Norden. Desse nye styringsutfordringane har vist oss at hierarkiet ikkje er tilstrekkeleg som styringsform. Det er tydeleg, både i teori og praksis, at det er grenser for kva hierarkisk styring kan utrette. Det vaks fram erkjenning av at relasjonar og nettverk har stor påverknad på både evna til å påverke beslutningar og kontrollere ressursar – altså å styre. Ein direkte konsekvens av dette er at ein må erkjenne verdien av samarbeid mellom ulike aktørar i styring. Når dette vart formalisert i internasjonal litteratur fekk det namnet «governance». I litteraturen  også omtala som «multi-actor governance». Verknaden av slike relasjonar kan forståast med til dømes nettverksteoriar. Denne involveringa og samarbeidet i samfunnslivet er ikkje ny i Norden, og står sterkare her enn mange andre stader.

Begge dei to styringsformene – hierarki og nettverk – er ein del av samfunnet og alle bedrifter. I det daglege, og i faglitteraturen er det så langt eg veit ikkje vanleg å ha eit eige ord for å få fram at begge deler er like aktuelle som før. I mitt eige doktorgradsarbeid fann eg likevel behov for å legge dei saman og fekk med det omgrepet «complex governance» for å sette litt ord på utfordringa i å forstå styring i ein moderne kontekst. Eg har ikkje nytta dette omgrepet i norsk form.

Desse problemstillingane er sentrale i vårt arbeid med prosjekt, sidan prosjekt etter kvart har blitt den vanlege måten å organisere små og store tiltak i både offentleg-, privat- og frivillig sektor. Desse tiltaka inngår i prosjektporteføljer, prosjektprogram og enkeltprosjekt som alle må styrast overordna av dei som har ansvaret – altså dei som er i eigarrolla for tiltaket. Men kva skal vi kalle det på norsk?

Eg har valt å kalle det «eigarstyring» basert på utviklinga og resonnementet over. Eigarstyring står for den styringa som eigaren utøver for å sikre kontroll over at ressursane blir brukt i samsvar med intensjonen. Eigarstyring utan eit avgrensande ledd eller presisering vil naturleg famne heile verksemda. Spesifikt for prosjekt kan det vere naturleg å snakke om «prosjekteigarstyring».  Eigaren si overordna styring av prosjektet er temaet, og det handlar om å utøve eigarskap. Eigarskap på si side er knytt til rettar og plikter: Kontrollretten: Retten til å skaffe ein ressurs, bestemme kven som får disponere den, og retten til å avhende den. Resultatansvar: Ansvaret for at ressursen kastar av seg, gjer nytte for seg, ikkje ligg brakk eller går til grunne.

Den moderne forma for governance – den som er basert på erkjenninga om at styring krev samarbeid og at relasjonar er like viktig for styring som posisjonar – blir gjerne kalla «samstyring» i norskspråkleg statsvitskap. Bakgrunnen er erfaringane frå framveksten av ulike samhandlingsformer i offentleg verksemd. Med den tilsvarande svekkinga av dei autoritære posisjonsbaserte styringsformene er ikkje dette eit dårleg omgrep. Det samsvarar med den internasjonale utviklinga der ein ikkje lenger snakkar så mykje om government men i staden brukar governance som term. Likevel meiner eg at det er grunn til å halde fast på at hierarki er ei styringsform som lever i beste velgåande – mellom anna av formelle årsaker, og at det handlar om å ivareta eigarskap i forhold til dei tiltaka vi vel å sette i verk og gjennomføre som prosjekt. Altså fell eg attende på det å bruke eigarstyring (prosjekteigarstyring) som det generelle omgrepet på norsk.

Ein bra artikkel som omtalar denne utviklinga på norsk: Røiseland, Asbjørn og Vabo, Signy Irene (2008) Governance på norsk. Samstyring som empirisk og analytisk fenomen. Norsk statsvitenskapelig tidsskrift. Vol.24, Iss.1-02 https://www.idunn.no/doi/10.18261/ISSN1504-2936-2008-01-02-05

Artikkelen eg omtalar som del av mi eiga doktoravhandling er på engelsk og vart aldri publisert utanom avhandlinga. Den kan likevel lesast her:  https://www.ntnu.no/concept/doktorgradsarbeid

(Paper 1 s 191:  Governance: Recent developments of a ‘messy’ concept.)