Fagmiljøa knytt til Prosjekt Norge og KTH sette seg stemne i Stockholm 22.-23. mai. Hensikta var å finne felles interesse og utfordringar som det gjev meining å studere på tvers av landa i Norden. Det var ikkje vanskelig å finne. Fagmiljøa har tett kopling mot infrastrukturbyggarane i dei respektive landa og identifiserte at det er stort tilfang av problemstillingar som er felles og som representerer store utfordringar i kvart land og på tvers. For å kome i gong med  meir systematisk arbeid vart konklusjonen i samlinga at vi startar med ei kartlegging av forskinga i dei nordiske landa. Dette vil hjelpe oss å konstatere kvar vi har styrkeområde kvar for oss og saman, grensesnitt mellom oss, og gap i den forskingsbaserte kunnskapen. Nye samlingar er planlagt, neste gong i Trondheim til hausten. Dato blir avklart seinare.