Tusen takk til Anne Strand Alfredsen Larsen og Ole Jonny Klakegg for interessant innlegg.
Det var omlag 200 påmeldt til dette webinaret.

Kostnadsestimering er avgjerande for planlegging og styring av prosjekt, men…………
forsking viser at dei tidlegaste estimata ofte er lite treffsikre. Dette skuldast både menneskelege faktorar og at prosjekta på dette stadiet er prega av stor usikkerheit og avgrensa informasjon. To temahefte frå Concept-programmet byggjer på forsking frå 2023, og tek for seg korleis ein kan forstå og handtere desse utfordringane.
Temahefte 26, Forbedring av tidligfasens kostnadsestimat, undersøker kvifor det er så vanskeleg å lage realistiske estimat i den tidlegaste prosjektfasen. Denne fasen er eit krevjande landskap å navigere i, sidan mykje er usikkert og det er lite tilgang på informasjon. Heftet viser at utfordringane med tidlegfaseestimering finst både på systemnivå og i estimeringsprosessen, og kjem med råd og forslag til tiltak for å forbetre praksis i tidlegfaseestimeringa.
Temahefte 27, Kunsten å estimere, har ei meir praktisk innretning og gir ei innføring i metodar, arbeidsprosessar og faglege vurderingar knytte til kostnadsestimering. Heftet legg vekt på at god estimering ikkje berre handlar om å bruke rette metodar og data, men også om å forstå prosjektet og konteksten, stille dei rette spørsmåla og kunne vurdere styrkar og svakheiter ved estimata – det er det som ligg i kunsten å estimere.
Lenke til temahefta: Concept Temahefter – NTNU
Kilde: Concept-programmet ved NTNU.
