I lys av resultata frå Optimaltid-prosjektet har eit spørsmål dukka opp fleire gonger: «Er ikkje marknadsdialog ein god strategi lenger?» Spørsmålet er relevant og ikkje heilt unaturleg, ettersom det ikkje blir nemnt som eit element i tidleg entreprenørinvolvering. Svaret er sjølvsagt: Jau – marknadsdialog er (minst) like viktig som før.
Optimaltid-prosjektet er eit forskingsprosjekt som definerer nøye dei omgrepa vi brukar. Dette er viktig for å oppnå vitskapleg etterrettelege resultat. Vedlegg 3 i veiledarane frå prosjektet inneheld definisjonane. Tre sentrale ord som er definert for Optimaltid-prosjektet:
- Tidleg: Tidlegare enn det vi tradisjonelt brukar. Det betyr at engasjement i detaljprosjektering ikkje er tidleg i totalkontrakter, men i forhold til utførelseskontrakter. Involvering tidlegare enn detaljprosjektering er alltid sett på som tidleg.
- Entreprenør: Entreprenør er ei verksemd som tek på seg, mot betaling, ansvar og risiko for å levere tenester og fysiske leveransar til eit bygge- eller anleggsprosjekt. Vi må skilje entreprenøren frå rådgjevande ingeniørar sjølv om entreprenøren gjerne må involverast i prosjekteringsoppgåver, og det finnast rådgjevarar med entreprenørkompetanse.
- Involvering: Involvering er aktiv deltaking og forpliktande samarbeid mot betaling, etter at ei avtale er inngått. Det inkluderer alle planleggings og prosjekteringstenester, og alle andre oppgåver som er hensiktsmessige i det spesielle prosjektet.
Det er definisjonen av involvering som gjer at marknadsdialog ikkje fell innafor området som Optimaltid-prosjektet omhandlar. Det betyr ikkje at marknadsdialog er mindre viktig eller mindre nyttig enn vi har antyda før.
Marknadsdialog er kjempeviktig – og det er viktig at den skjer tidleg – men det er ikkje involvering etter definisjonen i Optimaltid-prosjektet.
Rapporten Designing contractual relationships for the future (University of Sydney, 2020) viser tydeleg kor viktig marknadsdialog er som ein del av førebuingane til vellykka samhandlingsretta kontrakter. Denne rapporten var laga som ein del av førebuingane til Optimaltid-prosjektet og kom ut same året som Optimaltid-prosjektet starta. Den byggjer på 11 intervju med representantar frå byggherrar, rådgjevarar og entreprenørar og 6 case-studium retta mot prosjekt av ulik storleik og grad av kompleksitet. Posisjonering i forhold til marknaden er viktig for kva respons utlysing av kontrakten får. Kva kapasitetar, kompetansar og ressursar elles som er potensielt tilgjengeleg — og ikkje minst kva slag gjennomføringsmodell som er ønska av aktørane i marknaden, er viktig kunnskap for den som skal utforme prosjektet sin gjennomføringsstrategi og avgjere spørsmålet om kor tid entreprenøren skal involverast.
Rapporten kan finnes her: Lenke
Innleggsforfatter: Ole Jonny Klakegg
Oppfrisking av betydninga av tidleg marknadsinvolvering: «Forskning viser at…» med overskrifta . . . forberedelsene til samhandlingskontrakter er sterkt påvirket av prosjektets kompleksitet