Ny kunnskap kjem fram gjennom dialog og i møtet mellom ulike perspektiv. Optimaltid-prosjektet har spesifikt tatt for seg forholdet mellom byggherrane og entreprenørane i spørsmålet om kor tid som er rett stadium for involvering av entreprenøren. Resultatet er no klart og ligg tilgjengeleg på Optimaltid-prosjektet sine heimesider på nett.
Optimaltid-prosjektet vart avrunda med ein sluttkonferanse 16. oktober 2024 i Trondheim.
Arrangementet var godt besøkt og hadde mange gode presentasjonar og diskusjonar. Første del inneheldt prosjekt-teamet sine eigne presentasjonar av funn, resultat og ny kunnskap. Andre del gjekk inn på partnerane sine erfaringar og eksempel frå reelle prosjekt. Presentasjonane er tilgjengeleg frå Optimaltid sine nettsider.
Tidleg involvering av entreprenør er eit verkemiddel for godt samarbeid i prosjektet. Det inngår i dei fleste samhandlingsretta gjennomføringsmodellane (samspillskontrakter, partnering og alliansar for eksempel). Som Ida Marit Tvedt (Oslo kommune) minner om i eit av foredraga i sluttkonferansen, påverkar det også samarbeidsklimaet for dei prosjekterande og er noko som ein må arbeide aktivt med for å lukkast. God leiarskap er ein nøkkel til suksess – her som i så mange andre samanhengar. Det handlar om folk, ikkje berre kontrakter.
Resultata som det akademiske prosjekt-teamet har tatt fram i skjeringspunktet mellom byggherre og entreprenør er no tilgjengeleg for alle som vil ta del i det på nettsidene. Hovudresultata er ein oppsummerande sluttrapport, to praktiske veiledere og ein prototype for eit nytt verktøy der ein både får veiledning og hjelp til dokumentasjon av vurderingane ein gjer. Alt saman retta inn mot å svare på: Kor tid er rett tidspunkt å engasjere entreprenøren.
Du finn alt materialet her: Lenke
Artikkelforfatter: Ole Jonny Klakegg