Kva skal ein SFI om digital og innovativ byggeprosess EIGENTLEG handle om?

Det var spørsmålet ei gruppe partnerar frå BAE-næringa stilte seg i ein workshop 6. juni. Gode diskusjonar gjorde at vi no er eit viktig steg nærare svaret.

Det er mykje som skal på plass før ein SFI-søknad kan leverast Forskningsrådet (SFI = Senter for forskningsdrevet innovasjon). Akkurat no er det to prosessar som er i fokus:

1. Å få på plass det endelege konsortiet med dei partnerane som verkeleg kan løfte dette initiativet

2. Skriving av den endelege søknaden som skal inn 25. september

Begge prosessane er avhengig av at næringspartnerane seier klart frå kva dei vil ha ut av senteret. Det gjorde dei i workshopen 6. juni. Temperaturen i debatten var høg og viste at dette initiativet berører tema som er svært viktige og engasjerande. Det er ikkje tvil om at BAE-næringa både VIL og TRENG dette.

Eit forsøk på kortversjon av diskusjonen er at dette handlar om teknologien sin påverknad på livssyklus og drift i våre bygde omgjevnader. Det handlar om korleis digitaliseringa gjer det mogleg å nå nye mål og sikre ei livskraftig og konkurransedyktig BAE-næring også om 10 år.

Skrivegruppene er i gong med sitt arbeid som skal lede fram til ein knakande god søknad, og partnerane er i diskusjon om kor mykje dei kan bidra med av ressursar (cash og in-kind) til dette ambisiøse senteret.

Dei som ynskjer å påverke denne prosessen må hive seg rundt no.
Søknaden går inn til Forskningsrådet 25. september 2019 – 
og skulle det lukkast å få tilslag er senteret operativt for ein 8-års periode frå hausten 2020.

 

Ole Jonny Klakegg