Det har vist seg at dei tidlegaste kostnadsestimata i store offentlege prosjekt er lite realistiske. Årsaka til dette er ikkje eintydig, og ulike forklaringsmodellar debatterast internasjonalt. Aktørane i Statens prosjektmodell har vist stor interesse for å få fram meir kunnskap kring kostnadsestimering i tidlegfase.
Denne nye Concept-studien har freista å gjere dette ved å sjå nærare på kva som skal til for å sikre eit riktig og tilstrekkeleg informasjonsgrunnlag for estimeringa, og vidare på kva for metodar som er i stand til å gi oss realistiske estimat gitt tidlegfasekonteksten.
(Av Anne Strand Alfredsen Larsen)
Forfattere av studien: Anne Strand Alfredsen Larsen, Helene Berg, Ole Jonny Klakegg, Morten Welde, Jan Alexander Langlo og Nils O.E. Olsson