I arbeidet med å finne svaret på kor tid det er best å involvere entreprenørane i vegprosjekt, samla Optimaltid-prosjektet ekspertar frå Statens vegvesen og Nye veier til workshop for erfaringsutveksling og meiningsbryting. Målet er å utvikle ein praktisk veileder for tidleg involvering av entreprenør i vegprosjekt.

Optimaltid-prosjektet arbeider for tida med å utvikle praktiske hjelpemidlar for å sikre at tidleg entreprenørinvolvering vert brukt til å betre sjansen til vellykka vegprosjekt i framtida. Målet er berekraftig mobilitet, og verkemiddelet er å involvere rett kompetanse på rett oppgåve til rett tid.

Dette er essensen i det Optimaltid-prosjektet jobbar med, og resultatet skal bli ein praktisk rettleiar som vi gjer tilgjengeleg for bygge- og anleggsnæringa i løpet av 2024. Workshopen gjekk føre seg den 23.11.23 i Nye Veier sine lokale i Kristiansand og talde like mange deltakarar frå kvar av organisasjonane. Det kom for dagen i løpet av samlinga at dette er den største erfaringssamlinga til dags dato mellom dei to store vegutbyggarane etter at Nye veier vart etablert i 2015. Det noterer vi som ei fjør i hatten til Optimaltidprosjektet.

Artikkelforfatter: Ole Jonny Klakegg