Optimaltid-prosjektet deltok med to forskere på ProjMAN-konferansen 2023. Nadina Memic og Allen Tadayon leverte presentasjonen Early Contractor Involvement (ECI) and Design på årets internasjonale konferanse om prosjektledelse
Artikkelen som Nadina og Allen har skrive saman med Tausif Ishtiaque og Nils Olsson har tittelen Supporting activities in public infrastructure projects that benefit most from ECI: Focus on the design sub-phase. Den er basert på forskinga i Optimaltid-prosjektet og kom fram gjennom ei rekkje intervju og arbeidsmøter med partnerane i forskingsprosjektet.
Konklusjonen fortel oss at:
- Dei tre oppgåvene som har størst nytte frå tidleg entreprenørinvolvering er byggbarhetsgjennomgangar (constructability reviews), drift- og vedlikeholdsgjennomgangar (operability reviews) og tverrfaglege (?) prosjekteringsgjennomgangar (design reviews).
- Det er spesielt nyttig å utnytte tidleg involvering av entreprenøren i dei prosjekteringsfasene rundt 60% ferdig – skjematisk design og tidleg detaljprosjektering. 30% er for tidleg og 90% er for seint.
Funna står litt i kontrast til den internasjonale litteraturen på området. Den foresler at den største nytten er i den konseptuelle fasen (svært tidleg). Funna kan tolkast på to måtar: Anten er praktikarane som vart intervjua litt forsiktige i si tilnærming til tidleg entreprenørinvolvering, eller så er internasjonal litteratur litt for optimistisk på nytten av den aller tidlegaste involveringa.
Nadina Memić, Allen Tadayona, Tausif A. Ishtiaque, Nils Olsson (2023) Supporting activities in public infrastructure projects that benefit most from ECI: Focus on the design sub-phase. ProjMAN – International Conference on Project MANagement 2023. Porto (Portugal) 8-10 november 2023.
Referanser til vitenskapelige publikasjoner i prosjektet finner du på kunnskapssiden.
Artikkelforfatter: Ole Jonny Klakegg